Ole Blom blei født på Neset i Kviteseid i 1784 og døydde same staden i 1846.
Joli 1808 sette han seg ned og forfatta ein sjølvbiografi, før han byrja å føre dagbok frå 1809. Dagboka førte han heilt fram til ein månad før han døydde, og dette materialet er samla her saman med brev frå perioden.
Ole Blom representerte Bratsberg Amt på Stortinget i 1821, 1822 og 1824, leia forliksrådet i Kviteseid, var fløtningsinspektør, styrar av ei rekkje sagbruk, og var den fyrste ordføraren i Kviteseid. I jordbruket var han ein føregangsmann, og mest ingen kan ha produsert meir brennevin enn det han gjorde på Neset.
Ole Blom - Dagbøker og brev 1809-1846 er produsert i eit samarbeid mellom Vest-Telemark Museum og Kviteseid Historielag.
http://kviteseidbok.dev.snapper.no/bokside?ISBN=9788269014228
Verket består av 2 bind.
Publisert: 31. mai 2017