Knut K. Hovden (1893 – 1983) var ein vidareførar og ein nyskapar innan rosemåling på 1900-talet. Han skapte eit rom for denne dekortradisjonen, gjennom ei tid med sterk konkurranse frå andre stilar og motar. Hovden hadde ein svært lang og stor produksjon, og etterlet seg mange og store arbeid. Han var ein pioner i innsamlinga av gamal rosemåling frå Telemark og Ryfylke. Han var lærar på landlina i rosemåling på Ryfylke Arbeidsskule i 32 år, heldt eit utal kurs og hadde eigne lærlingar nesten fram til 90 års alder. Flesteparten av dei som kom til å få noko å seie for rosemålinga frå byrjinga av 1900-talet og like fram til våre dagar var i hans lære. Hovden var ein kulturpersonlegdom, ein forteljar og formidlar, som har betydd mykje for mange.
Sigrunn Lie Brattekås (f.1952) frå Eidsborg er lærar og forfattar av ei rekkje lokalhistoriske bøker og artiklar.
Knut Buen (f.1948) frå Tuddal er felespelar, kulturentreprenør, forfattar og rosemålar. Han gjekk sjølv i lære hjå Hovden, og var nær ven av Hovden.