E134 Haukelivegen : mat, natur og kultur mellom øst og vest

av Geir K. Hus
Forlag:Hus Bok & Avis
Format:Innbundet
Språk:BM/NYN
Utgitt:2017
Antall sider:255
Vekt:1300
Kategori:Lokallitteratur
Nøkkelord: Europavei
Område: Drammen (Buskerud) , Vinje (Telemark) , Odda (Hordaland)

Beskrivelse av boken

Gjennom 260 sider i stort format får lesarane vere med på ein spennande biltur mellom Østlandet og Vestlandet. Gjennom mange bilde og ein del tekstar byr vi på mat-, natur- og kulturperler langs vegen.
Den nye boka om E134 Haukelivegen er for alle som har reist, eller gjerne vil ta turen på strekninga som har knytt folk i øst og vest saman gjennom alle tider. I tillegg til ei historisk reise, ser vi også litt framover i tid. Aller mest er dette boka om livet langs vegen i dag. Den første kjørevegen over Haukelifjell var ferdig i 1889.
Dagens heilårsveg er snart 50 år. Boka er ein hyllest til alle dei som har kjempa for å få ein god veg mellom landsdelane gjennom tidene. Samtidig er boka ei stor takk til dei som held liv i mattradisjonar, kulturlivet og naturlandskapet langs E134 i dag.

Dette er Geir K. Hus si første bok. Hus er utdanna pressefotograf, har vore journalist og redaktør, og arbeider no i Landslaget for lokalaviser (LLA). Han er glad i både mat, drikke, naturen og lokalmiljøet. Forfattaren er frå Vestlandet, men bur med familien sin på Østlandet.

Velkommen med på turen mellom øst og vest.

Kjøp boken fra en av våre bokhandlere